Dèt sagt, så har eg meir roen denne barselstida enn eg hadde sist. Betre tid.
Eg kan jo ha det, no som eg har fått ein unge som gir meg sjansen til det!
Sjans til å slappa av. Kvila litt mellom slaga, mellom vræla og våkenettene. Ro til å sitja i sofaen med gullet herleg knirkande på fanget. Lesa bøker. Høyra musikk. Sjå TV. Aktivitetar som blei for slitsame, for hand- og konsentrasjonskrevjande forrige runde, Då lille herr Masekråke var klistra på meg døgnet rundt, tidvis med lydnivået til ein heil skulegard problembarn heilt aleine, litle kroppen.
Så eg nyt.
Nyyyyt.
Jobbar mot min naturlege tilbøyelighet til å og "setja i gong" og "få ting gjort" og vera flink flink flink til å gjera heile tida. Øver meg på langsam tid.
Laaaaaaangsam.
For kort er ho vel ikkje, denne første, magiske, karamellduftande tida? Lillebror fyller seks veker i dag. Seks veker, i eit heilt liv?
Det er ingenting som hastar.
Om eg byrjar å trena i dag eller om nok ein månad spelar neppe noka større rolle for formen om ti, fem eller bare eitt år.
Om me kjem oss på babybio i dag, i morgon eller over jul har minimal innverknad for min totale kulturelle kapital, no eller i framtida.
Og om ungen blir med på babysong no, om eit halvt år eller aldri er neppe det som avgjer om han blir ein framtidig virtuos eller ei.
Der eg sist bruka første veka på å sondera det som fanst av babyrelatert aktivitetsterreng, og den neste månaden på å irritera meg over at dei fleste tinga først opna for ungar på minimum seks-åtte-ti-tolv veker, har eg denne gongen ikkje vore innom ei einaste babysong/yoga/trening/symjing/gym/whatever-side på nett sidan eg kom heim frå ABC, og har ingen umiddelbare planar om å melda oss på noko med det aller første, heller. Lillebror skal få gå på symjing slik Storebror gjorde, lenger strekker ikkje planane seg.
Me har god tid!
Eg har god tid. Er framleis tjukk etter svangerskapet, men heller ikkje det gjer noko. Tenk, det er ein setning eg ikkje hadde tenkt at eg nokon sinne kom til å skriva! Men akkurat no meiner eg det faktisk. Eg syns det er herleg med ein unge som gir meg anledning til å eta, godt at kiloa ikkje bare forsvinn og tek med seg all energien, slik som sist. Eg treng ikkje vera tjukk om eitt, fem, ti år av den grunn.
Så for ei gongs skuld er eg litt på kant med Inger Hagerup her.
Tålmod har også ein verdi.
0 kommentarer:
Legg inn en kommentar