Eg må skriva det ned før eg gløymer det. Merkar at minnet allereie er i ferd med å svekkast, og nok vil gjera det meir og meir i månadene som kjem:
Eg er så enormt GLAD eg ikkje er gravid lenger!
I starten, dei første dagane og vekene etter fødselen, var kjensla fysisk. Konkret, så klart, i bekken og kne og anklar som var glade for å sleppa vekta, i halsrøyret som ikkje lenger sto i brann om kvelden, i ryggen som eg plutseleg kunne ligga på utan å bli svimmel. Men også "følelsesfysisk", på den måten at det gjekk ei slags elektrisk bølge av lettelse gjennom kroppen kvar gong eg blei minna på at det. er. over. no. Endeleg! Kvar gong eg såg ei gravid dame hufta og pufta og pesa seg forbi på gata, for eksempel, eller sukka og stønna og vrikka seg på plass ved kafebordet ved sida av mitt. Noko som jo skjer mange gonger dagleg i denne babyboombyen.
Puh! Ikkje meg! HURRA!
No er graviditeten sju veker unna, og kjensla sjølvsagt mindre overveldande. Likevel er det godt. Herleg, faktisk, å ha kroppen min tilbake. At alt bare fungerer og ingenting er stress. Eg slepp å ha dårleg samvit for tunge løft. Får ikkje pusten slått ut av meg av å bøya meg slik eller slik for å fiksa og ordna vanlege ting av typen reine kjørler ut av oppvaskmaskinen eller skritne klede inn i vaskemaskinen. Kan stå på stolar og ta ned ting frå høge skåp utan å måtta fokusera maks på balanse, og utan å ha halvdårleg samvit fordi ein eigentleg ikkje skal driva med slikt. Slepp å gå med korte damesteg og setja meg på ladyvis for å unngå bekkenømhet. Kan forta meg opp bakkane med barnevogn lasta til randen med tunge ting, utan å merka noko på pust eller kropp. Kryp og turnar og leikar med Storebror, null problem. Osv osv. Osv!
Herleg!
Godt å ha energi. Humør. Helse. Sleppa å bekymra meg for vektoppgang. Eller for at ein michelinmannalien må ha inntatt kroppen min sidan eg er så hamburgersvolten at eg nesten har litt lyst på McDonalds. Altså. McDonalds?!? Av absolutt alle ting? Æsj.
Og eg hadde jo, trass alt, eit lett svangerskap også denne gongen. Lungebetennelse og bronkitt og sånn, men ingen skikkelege gravidplager. Ikkje kvalme eller bekkenløysing eller svangerskapsforgiftning, og ingen fødselsrelaterte plager. Eg syns bare det var ganske kjipt delar av tida likevel.
Det er sjølvsagt noko ein helst ikkje skal innrømma. I alle fall ikkje med glede. "TENK på dei som ikkje klarer å bli gravide! Eller nettopp har spontanabortert! Eller har mista barnet sitt! Eller, eller, eller! Skandale, skandale, skandale! Tenk på dei, du!"
Klart eg tenker på dei.
Føler med dei òg. Kjenner mange som slit med å bli gravide, endå fleire som har mista både ein og to gonger, og er sjølvsagt ikkje dummare enn at eg forstår at mange ville gitt mykje for å vera i den tilstanden eg er glad for å ha kome meg ut av, same kor mange plager det ville føra med seg.
Men det er ikkje poenget.
Like mykje som eg unnar alle dei det dei ønsker seg, unnar eg meg å nyyyyyyta denne kjensla av ikkje å vera ho som vraltar bortover fortauet akkurat no, steintung og øm både her og der, trøtt og småmelankolsk og kvisete og blærgh.
Det er ei tid for alt.
Ei for vralting, og ei for å sitja med ein knirkande, lett surmelks- og karamellduftande liten bylt på fanget, med aaah og eeeh og store tannlause glis over alle dobbelthakene.
Aaaah! Karamell!
3 kommentarer:
Haha, nå gleder jeg meg skikkelig til å bli sånn stor vraltedame, du ;) Jeg skjønner godt at du er glad for å være ferdig med det, jeg, premien er jo den nydelige lille gutten :D
Hehe, jepp! Vralting er tingen!
Og bare sånn for the record: Eg har ikkje sagt at det var så grusomt forferdeleg fælt å vera gravid at eg aaaaldri kjem til å gjera det igjen. Bare at eg er glad for å sleppa å vera det akkurat no.
For du har jo rett, Ingling: Same kor kjekt det måtte vera å gå gravid, er jo resultatet endå kjekkare!
Jeg kjenner meg veldig igjen i det du skriver! Var helt overlykkelig da ungen var ute, ikke bare fordi jeg endelig kunne bevege meg fritt og sove på ryggen eller magen akkurat som jeg hadde lyst til selv, og lykkelig også over at magen ikke lenger var i veien. Riktignok hadde jeg de første ukene en følelse av at puppene var helt i forkant av meg og levde sitt eget liv, men pytt pytt. Mye bedre med barn utenfor enn på innsiden.
Fikk også litt mer medfølelse med overvektige. ALT er jo slitsomt når man veier så mye ekstra. Ikke rart de ikke orker å bevege seg!
Legg inn en kommentar