onsdag, oktober 20, 2010

Tjukkebolla feiten

Lillebror er seks og ei halv veke, og har vore på første offisielle kontroll i dag.

Alt vel på alle vis, er så absolutt konklusjonen. Han har gått opp godt over to kilo sidan fødselen, vakse seks-sju centimeter på lengda, og blitt tre og ein halv centimeter tjukkare i hovudet. Veg no 5.8 kilo, og er om lag 60 cm lang. Den litle dobbelthaka han blei fødd med, er definitivt blitt endå større. Tjukkas!

Men vitale mål er no kun det. Tal.

Personlegdom, derimot, er interessant. Han er slik en KUL liten kar! Smilande blid, pludrande og pratande og intenst fokusert på folk og ansikt. Sosial type, rett og slett. "Nydelig kontakt, oppvakt og interessert barn" skreiv helsesøstera i loggen sin.

Som eg skulle sagt det sjølv!

1 kommentarer:

Øyfrid sa...

Så koselig å lese bloggen din for tida, gleder meg til det blir min tur igjen. Er halvveis til termin og har en 2-åring (oktober 2008) fra før, så jeg leste bloggen din med stor interesse sist og! Kos deg videre og skriv skriv :-)