onsdag, november 24, 2010

Besserwisseren bekjenner

Eg ber ikkje om råd.

Eller joda, det er klart eg ber om råd. "Kva temperatur funkar best når ein skal steika kjøt i leirgryte?" kan eg spørja andre om, eller "finst det ein nettbutikk som sel ullklede for dei av oss som ikkje eeeelskar å bruka tida vår på politisk korrekt handvask av øko-pøko ubehandla lanolingreier, men tek sjansen på at ungane held seg varme også i klede laga av kjemisk (fy!) behandla (fyfy!) tekstilar? (svaret er ja)

Men om ting som verkeleg betyr noko?

Niks.

Eg veit best sjølv.

Sånn er det. Akkurat så bastant som så. Nei, eg er ingen ekspert på barnesjukdommar. Eg har null vekttal og ditto studiepoeng i pedagogikk. Eg jobbar ikkje med barn, og er på ingen måte sertifisert. Les ikkje bøker om korrekte metodar for dette og hint, går ikkje på kurs i oppdraging.

Men eg veit best likevel.

Ikkje om barnehald generelt. Eller altså om barnesjukdom eller barnepsykologi eller pedagogisk korrekte metodar. Men om akkurat dei to fantastiske små menneska eg deler tak, liv og framtid med - Storebror og Lillebror - er det eg som veit best og kan mest.

Me gjer det på vår måte, utan dermed å ha ein bestemt måte å gjera ting på. Tek dei vala som fungerer, i praksis, for akkurat dei fire menneska - individa - me er i familien. Kva andre tenker om desse måtane, vala, "metodane", er meg knekkande likegyldig.

Det høyres ut som eg prøver å forsvara meg. Det er feil. Dette er noko eg er så trygg på at eg ikkje treng føla meg angripen av alle andre, alle dei flinke foreldra, dei som gjer ting på andre, myyyykje betre måtar.

Greia med gode råd, om dei er aldri så velmeinte (for det er dei jo som regel!), er nemleg den, at dei ofte legg premissar til grunn som ikkje er der hos oss. Min to år gamle son og di fem år gamle dotter har verken lik personlegdom, erfaring, eller familie- og barnehagesetting - det er ikkje gitt at det ho lika, vil vera ein hit også hos han. Din legg-ho-ned-så-søv-ho-baby er ikkje min blånektande litle vognstreikar, eller omvendt. Ungar er ikkje likare enn vaksne. Dei er også personar, frå dag ein.

Dessutan er det nesten ingen, meg sjølv inkludert, som klarer å halda råda sine til det du faktisk spør om.

- Korleis får eg toåringen til å eta saus attåt den bare pastaen han likar så godt? spør eg.
- Hæ?!? Gir du ungen pasta?!?! Veit du ikkje at kvitt mjøl er DØDEN og at ungen kjem til å krepera av diabetes og kreft og overvekt før han rundar ti om du held fram sånn? Nei, linser må du gi han, aldri pasta! Min unge får kun øko-fairtrade-heimedyrka-frå-botnen-av vegetarkost, og eeeelskar det, svarar du.

Ehm, takk for det relevante innspelet.

- Korleis kan ein unngå at babyen blir smitta av forkjølinga storebror fekk i barnehagen, spør eg.
- Å jasså, så guten går i barnehage? Så små barn burde heller vera heime hos ho mor! Set ein ungar til verda, må ein ta seg av dei. Då blir dei aaaaldri sjuke, heller, nokon av dei, svarar du.

Nettopp. Takk igjen. Men det var altså ikkje det eg spurte om!

Derfor let eg heller vera å spørja. Ber ikkje andre om råd når det står om personlege, viktige, nære ting, verken innan barnehald eller elles i livet. Eller om det detaljar. Let det ganske enkelt prella av når legen på helsestasjonen gir meg tyn fordi Storebror veg mindre enn han ifølge skjemaet liksom skal gjera når han er nitti cm høg - "han som lå så fint an på kurven tidligere". Drit i kva andre måtte meina om måten Lyslugg og eg fordeler permisjonen, eller korleis me har vald å bu.

Eg deler gjerne, til meir eller mindre nære personar. Diskuterer òg, når eg gidd. Og fleire av vennene mine kjem gjerne til meg med sine meir eller mindre eksistensielle problem, fordi dei ønsker å høyra kva eg ville gjort i deira situasjon.

Det får dei. Men du ser ikkje meg innhenta tilsvarande råd om kven, eller kva, eller korleis eg skal vera. Om korleis eg skal leva livet mitt. Velga. Og får eg råda likevel (noko eg sjølvsagt gjer), så høyrer eg ikkje spesielt godt etter på dei.

Og slik har eg alltid vore.

Født sånn eller blitt sånn? Tja, sei det. Eller la vera. Eg veit det uansett best sjølv...

1 kommentarer:

Anonym sa...

Kjenner meg igjen i dette selvstendighetsinstinktet - og sånn-er-det-bare, men holder meg klok av skade unna alle fora og diskusjonstråder på internett, og føler meg kanskje derfor ikke så veldig eksponert for den type råd du beskriver. Nå lenger. Blir SVETT av tanken på å diskutere på den måten!

Ja, så: anbefaler selvfølgelig å slå opp med forumverden og dermed spare deg selv for en del irritasjoner. Se, det var visst et råd. Huff da! :-)

-bloggløs anonym