I gamle dagar, då eg faktisk blogga, og ikkje bare hadde ein blogg, oppsummerte eg alltid året i romjula. Prøver igjen i år!
ÅRET SOM GJEKK:
1. Kva gjorde du i 2010 som du aldri har gjort før?
Fødde i vatn!
2. Haldt du nyttårsforsetta dine? Vil du laga nye?
Som nemnd alle andre år, driv eg ikkje med forsett, kun ønske. Ved nyttår i fjor var eg temmeleg nygravid, og ønska meg eit fint og sunt svangerskap, og eit friskt barn. Eg fekk barnet, etter litt rusk og rask i svangerskapet - småting som allereie er gløymt.
3. Blei nokon som står deg nær mor eller far?
Ingen (utanom oss sjøl, haha) i den aller næraste krinsen. Men Elisabeth fekk ei skjønn lita dotter, hurra! Og Magnhild ein nydeleg son!
4. Døydde nokon som stod deg nær?
Nei. Ikkje nær. Men eg merkar godt at me byrjar å koma i den alderen kor generasjonen over byrjar å falla frå...
5. Kva land har du besøkt det siste året?
Ingen nye. Men USA i påska, barnefrie turar til Island i april og Hellas i sommar, pluss tredagars bryllup med utvida opphald i Berlin i mai var alle herlege turar. For ikkje å snakka om mor-og-baby-turen til Finland i november!
6. Kva ønsker du deg neste år som du har sakna?
Søvn.
7. Kva datoar i 2010 gløymer du aldri, og kvifor?
4. september! Tobarnsmor, hurra!
Dessutan overnattinga på sjukehus med Lillebror natt til 22. desember, fødselsdagen min.
8. Kva er det største du har oppnådd i år?
Ein viss klump på 3735 gram og 51 centimeter.
9. Kva var din største nedtur?
Å oppdaga kor trøtt og sliten eg framleis var då eg etter halvanna år med nattevåk og amming blei gravid igjen.
10. Har du vore sjuk eller skada?
Ja, faktisk. Lungebetennelse og bronkitt og i det heile tatt. Eg har vore til og med vore sjukmeldt, for første gong i "karrieren"! Men heldigvis ingen skader eller permanente mèn.
11. Kva var ditt beste kjøp?
Hm... tenke tenke... Eg er veldig glad for dunkåpa eg kjøpte på 70%-sal i allereie billege USA - rundt 500 kroner for nøyaktig same jakka som kostar over 4000(!) her heime.
Dessutan eeeelskar eg dei tørre, varme, faktisk ganske ok utsjåande Sorel-støvlane mine med ullfôr. Dyre, men altså verdt det.
Elles få større investeringar, merker eg. Hadde det meste av babystæsj frå før, så kun småplukk på den fronten. Hengevogge, søskenvogn - godt nøgd med begge.
12. Kven fortener ein hyllest for oppførselen sin?
Dei fantastiske foreldra mine, som stiller, og stiller, og stiller - sjølv om dei bur timesvis unna.
13. Kven sin oppførsel gjorde deg nedstemt/lei deg?
På denne spørsmålet kan eg som regel kopiera fjorårets svar, denne gongen som sist: Det blir sjefane mine, denne gongen for himla mykje syt og klag, faktisk rein sutring, fordi eg hadde gått hen og blitt smelt på tjukka igjen. Stakkars dei, liksom, som må sjefa over slike elendige arbeidstakarar!
14. Kva gjekk mesteparten av pengane dine til?
Det same som alltid. Plass å bu, mat å eta, reiser, klede og barneutstyr. Pluss litt til sparing.
15. Hva gjorde deg veldig veldig veldig oppspilt og glad?
Beklagar einsporinga her, men det blir altså babyen igjen.Dessutan den fantastiske måten Storebror har takla familieforøkelsen på. Me har enno til gode å oppleva sjalusi, eller aggresjon, eller noko som helst negativt dei imellom. Det er bare "kosa beibi" og "beibien ej visst tøtt! Han må få pupp!" Såååå kos!
16. Kva song vil alltid minna deg om 2010?
Ingen song, akkurat, men Pergolesis Stabat Mater har gått i tett rotasjon denne hausten og tidlegvinteren. Ingen nykommar, men nyoppdaga på ein måte som gjer at eg trur eg vil assosiera verket med Lillebror også i framtida. Kanskje.
17. Samanlikna med denne tida i fjor, er du...
a. Gladare eller tristare? Endå gladare!
b. Tynnare eller tjukkare? Litt tjukkare. Men ikkje mykje. Og ikkje lenge.
c. Rikare eller fattigare? Litt fattigare på foreldrepengar i staden for løn. Men ikkje drastisk.
18. Kva skulle du ønska du gjorde endå meir av?
Hadde heilt fri tid fullstendig for meg sjølv. Sukk. I 2020, kanskje?
19. Kva skulle du ønska du gjorde mindre av?
Lurte på kva eg skal bli når eg blir stor...
20. Korleis feira du jula?
Hos foreldra mine på Bryne, saman med gutane, Lyslugg og Lysluggmora. Den opprinnelege planen var Bergen, men med rallehostande RS-virusgut utgjekk den reiseplanen. Tok det igjen i romjula og nyttårshelga.
21. Vart du forelska i 2010?
Ja!
22. Kor mange one-night stands hadde du?
Ingen, så klart.
23. Kva var favorittprogrammet ditt på TV?
Eg har, for første gong på lenge, klart å sjå litt TV denne barselstida. I alle fall ein serie, nemleg "Borgen".
24. Hatar du nokon no som du ikkje hata på denne tida i fjor?
Resirkulerer fjorårets og forfjorårets svar: Nei. Hat er ikkje mi greie.
25. Kva bok er den beste du har lese i år?
Teflonhjerne som vanleg, på kva som blei lese når.
26. Kva var årets beste musikalske oppdaging?
Pergolesi på ny, som nemnt over.
27. Kva ønska du deg – og fekk?
Ein herleg son! Hurra!
28. Kva ønska du deg – og ikkje fekk?
Ei dotter.
29. Kva var årets beste film?
Trur eg kan tella årets filmar på kanskje ei hand. Så eigentleg ingen gode filmtips frå dette haldet.
30. Kva gjorde du på fødselsdagen din?
Overnatta på sjukehuset med RS-virusbabyen. Etter innreise i eittida, venting og undersøkingar, sovna me endeleg i fire-fem-tida. Sov til ni-ti-tida, drosje til Bryne, og feiring med sjokoladekake og bollar om kvelden. Fin dag med aller beste gåva: Friskmeldt baby!
31. Kva enkeltting har gjort året mykje meir tilfredsstillande?
Beredingsar av ymse slag, også i år. I alle fall siste kvartal, sjølv om denne babyen også aksepterer vogna.
32. Korleis vil du beskriva klesstilen din?
Tjukkebollete. Sidan nedgulpa.
33. Kva har halde deg i mental balanse?
Balanse? Moi? Trur eg er så neddopa av søvnmangel at denne tilsynelatande balansen eigentleg bare er zoombisme.
34. Kva for ein kjendis likte du best?
Eg er jo veldig oppteken av kjendisar, så klart, så ehm... Syns det var stas å møta Audrey Niffenegger. Ho er ikkje kjendis, men veldig kul.
35. Kva i politikken har opprørt deg mest?
Ajaj. Lang liste. Monstermaster og diverse.
36. Kven saknar du?
Den faste nannyen og hushjelpen som kunne budd på kottet og blitt henta fram ved behov.
37. Kven var den beste nye personen som kom inn i livet ditt?
Lillebror!
38. Fortel ein viktig livsvisdom du har lært i år?
Det går an å bli sjukmeldt utan at verda rasar saman. Tenk det! Who knew?
39. Ein songtekst som oppsummerer året.
Oah hele natten, oah hele da'n!
5 kommentarer:
Har litt lyst til å treffe Audrey N. eg også.. Er dette misunning?
Nei, det syns eg ikkje. Du får finna deg ein jobb som min! Kanskje til og med akkurat min - eg veit ikkje heilt om eg vil ha han lenger...
akkurat din hadde ikke vært så verst, kanskje... men jeg må være ærlig: jeg er ikke pretensiøs nok til å være noen form for journalist..
Hehe, tru det eller ei, men "pretensiøs" var ny.
"Hei, eg heiter -lin, og mitt fremste trekk er at eg er pretensiøs".
Jaja, jojo. Kanskje det.
du vil jo ut av det. ergo er ikke du heller pretensiøs nok!
jeg synes det er "noe" med folk som vil jobbe som "vaktbikkjer". Da er man litt pretensiøs ;)
Legg inn en kommentar