Eg er ambivalensen i eigen person.
Den eine delen av meg har allereie starta Nedteljinga.
Retta blikket mot Framtida. Mot Fridomen. Også kjent som Tida Etter Barn. Til den gongen då ein ikkje er heime sånn cirka kvar einaste kveld. Kor ein ikkje må skunda seg frå jobb for å henta i barnehagen. Då middagar og måltid ikkje treng barnetilpassast, feriar som går dit me vil, ikkje dit det passar å dra med seg småttisar. Ei tid då ein ikkje treng tolv kilo TÅLMOD kvar evig enda dag fordi toåringar bare er sånn, eller uendelege mengder energi til å amma og byssa og nattevåka og innretta seg etter rimelege men likevel slitsame babykrav heile tida.
Den andre får heilt noia av at TIDA GÅR SÅ FOOOOOORT!
Hæ, er Storebror blitt OVER TO år allereie?!? Ein gut som pratar og spring og leiker og kan sjølv? Han låg då nettopp i magen? Og Lillebror? Kor blei det av den der nyfødde litle bylten eg just låg å snuste på om nettene? Kven er denne store (7,2kg - 65cm!), motorisk motiverte (rulling! åling!), bablande (aaaah!) guten som er komen i hans stad? Kva er eigentleg greia med denne rasande utviklinga? Eg rekk jo ikkje å nyta første steget skikkeleg før det neste er så godt som gjennomført!
Kan dei ikkje vera små - og mine - alltid!?!
Ehm. Neivel då. Eg ser den.
Dermed dukkar Det Store Spørsmålet opp, med same ambivalensen rundt moglege svar. Nemleg skal me ha fleire enn to barn?
Og jada, neida, klart det på ingen måte er noko som hastar å finna ut av. Lillebror er kun tre månader, og sist bruka kroppen min uansett tretten månader på å bli klar igjen. Dessutan ville me nok mest sannsynleg ønska eit litt større intervall mellom nummer to og ein eventuell nummer tre enn det er mellom Storebror og Lillebror i dag. For helsa mi sin del - for ungane trur eg 23 månader er temmeleg perfekt.
Men likevel.
Den eine delen av meg hadde vel eigentleg bare sett føre seg to ungar. Tenkte liksom, veldig ubevisst, at det er "det normale". Mor, far, bror og søster - slik både min og Lyslugg sin familie er (eller var, i hans tilfelle) skrudd saman. Og det brukar jo av Livet, dette barneopplegget. For kvar unge går det X år lenger før me kan venda attende til vaksentilveret. Til alt det eg nemner over. Og yngre blir ein jo heller ikkje, midt oppi alt...
Den andre syns det er lite. Hæ? Ferdig? No?!? Men me har jo nett starta på dette familieprosjektet?!? Siste svangerskap, okei. Og sjølv om eg har hatt fine fødselsopplevingar, har eg ingen problem med å seia meg nøgd med to og klappa meg sjølv på ryggen for bra innsats på den fronten.
Men at eg aldri igjen skal ha bitteliten nyfødd i hus? Aldri igjen ha yngre ungar i hus enn dei eg har no? Sånn cirka utenkeleg...
Og sånn går no dagane. Inte visste jag att det var livet...
0 kommentarer:
Legg inn en kommentar