Jada blada. Eg innrømmer det. Eg blir litt misunt innimellom.
Eller, ikkje misunt. For eg unnar altså folk alt godt, vil at dei skal ha det enkelt og fint. Faktisk. Det er bare det at eg unnar meg sjølv også noko like bra...
Søvn, for eksempel.
Eller, ikkje "for eksempel". Særs søvn.
Kva er eigentleg greia med at eg bare får sånne ungar som aldri søv?!?!
Særs om nettene. Eller eigentleg kveldane. Lillebror er heilt umogleg å legga før eg legg meg sjølv, rundt midnatt (bortsett frå at eg då endar opp med å legga meg endå seinare, fordi eg faktisk treng litt vaksentid utan baby på kroppen - men det er ei anna soge). Det står ikje på innsatsen, for me har verkeleg prøvd, og lagt optimalt til rette med byssing og bering og amming og sssshing og det som elles finst av metodar ("du bare legg han ned, let han få fred, så søv han").
Andre babyar, har eg forstått, er trøtte om kvelden. Dei legg seg klokka sju. Evt åtte. Til nøds ni. IKKJE midnatt, for svarte!
Og forresten: Når desse andre babyane har lagt seg, så søv dei. Meir enn halvannan time, faktisk, før dei vaknar og okkar og aiar seg og endar opp med å få pupp. Sånne babyar som blir lagt sju-åtte, søv -SAMANHENGANDE!- til midnatt, faktisk. Då får dei mat, blir lagt halvvåkne ned igjen, sovnar av seg sjølv(!), og søv nye fire-fem timar.
Blærgh.
Eg vil vel også ha det sånn!
Vaksentid. Utan baby på fanget/armen/kroppen generelt. Tid til å lesa bøker, skriva mail, sjå tv, trena - alle sånne ting som sjølvsagt går an med ungen med, men som i praksis er mykje gildare utan...
Eg veit at det går over. Sjølv om det går feil veg akkurat no, frå ein unge som i det minste sov litt på dagtid, til ein som knappast gjer det heller. Og eg veit jo at dette er mykje min feil, eg som sjølv er ein slik elendig sovar kan vel kanskje ikkje akkurat venta meg sovebabyar, slike som bare ligg der halvt i koma.
Men sove-bittelitt-meir-enn-dei-gjer-babyar? Særs om kvelden?
Dèt hadde vore noko, det...
0 kommentarer:
Legg inn en kommentar