torsdag, februar 10, 2011

The fast and the furious

Neidå. Ikkje sånn fast. Ikkje furious heller, det var bare noko eg kom på i farten. Nei, norsk "fast" var det eg meinte. Som i fast føde. Alias grøt. Grønsaksmos. Fruktmos. Svisker og banan og alt det der.

Eg er så himla lat. Like lat som ho derre oversminka trønderdama som innleier "Bryst er best"-videoen som går i loop på kanal 9 på barselshotellet på Ullevål:

Æ e blakk. Åsså e æ litt lat.


Ho og meg, liksom. Minus det der med blakk. Og augesminken. Og trøndersken.

Lillebror er fem månader og ei veke, og eg bare gidd ikkje. På barselsgruppa byrja alle dei andre med grøt rett før ungane runda fire månader, og no, halvanna månad etter, er dei oppe i tre-fire skikkelege måltid for dagen. Amming er det no så som så med på denne gruppa, men pytt pytt, det blir vel folk av dei ungane òg. Dei søv jo for eksempel om natta, som er mykje meir enn eg kan skryta av, no som før...

Men altså. Tilbake til tema.

Fast føde.

Eg kunne sjølvsagt skryta på meg at eg gjerne vil følga folkehelsas råd om fullamming til seks månader, men sidan sanninga (altså "sanninga") om at barn bør fullammast så lenge no er under angrep, må eg bare innrømma at det ikkje er derfor.

Eg er bare lat. Pupp er jo så praktisk!

Men. Eg kjem meg. Går jo her heime, brakkesjuk så det halve kunne vore nok, og treng noko å finna på med ein småpjusk sutregutt. Så denne veka har me òg starta. Litt. Banan i spisenettingen, sutting på epleskiver og gnaging på agurk. Stor suksess, alt saman.

Og veldigveldig søøøøøøt!

2 kommentarer:

mammafugl sa...

Hei! Jeg kom over bloggen din ved en tilfeldighet mens jeg var gravid med nr to. Jeg satt på jobb og surfet og var trøtt og sliten og lei hele dritten! Har vært innom dann og vann siden og liker det du skriver veldig godt. Kjenner meg veldig godt igjen.

Jeg går hjemme og holder på å bli tullerusk; godt å se at andre har det på samme viset.

Håper det er greit at jeg tar turen innom og nikker gjenkjennende nå og da.

-lin sa...

Hei, og hjarteleg velkomen hit! Det er ei stor trøyst å vita at det ikkje bare er eg som "er sånn", syns eg. Så takk!