Men så er det ikkje orda det står på. Det er tida.
Den heilt faktiske evna til å gjera noko som helst med sutrebrøleskrikemasete baby på kroppen, i armane, i øyret.
Lillebror er ikkje i form, stakkar liten. Ingen kjent diagnose, og sikkert ingenting alvorleg. Boblegrøn bæsj og tett nase, sutremaseklengete og trist og lei. Vil ikkje ligga på ryggen. Vil ikkje ligga på magen. Og i alle fall ikkje ligga aleine! Eller sitja i vippestolen. Eller på fanget. Eller henga i sjalet. Eller meitaien. På mage eller rygg. Vil ikkje ha ny bleie. Ikkje bada. Og i alle fall ikkje få på ny bleie og pysj etter badet!
Og eg blir koko.
Seriøst koko.
Eg er eit tålmodig menneske. Faktisk. Men det er noko med denne gjennomtrengande, kontinuerlege, æh-æh-æh-æææææhinga som hakkar vekk det som finst av ferniss rundt Mi Indre Monsterdame.
Særs når eg ikkje har sove.
Og det har eg så klart ikkje når tinga er som dei er.
Forrige natt,
23.30: Lillebror sovnar omsider, på kanskje femte leggeforsøkt, etter æh-æh-æææææh opp og ned og i mente fram og bak. Dødstrøytt, men vilikkjevilikkjevilikkje sooooovaaaaaa!
00.00: Eg har pussa tenner og lagt meg til for å sova eg òg. Høyrer dog Storebror, våken, på rommet sitt. Sår gråt. Lyslugg går for å fiksa.
00.05: Null suksess. Smågrininga er no blitt hikstegråt. Høyrer at Lyslugg finn vatn, syng, ber og byssar – utan suksess.
00.15: Dette går jo ikkje. Eg opp. Guten hi-hi-hi-hiiiikstar i armane mine. Min tur å gi vatn, synga, bera og byssa, og forsøka å legga han tilbake i senga si.
00.45: Null suksess. Dette går verkeleg ikkje. Eg veit det er feil og sikkert skapar dårlege vanar og alt det der, men eg tiltar snart etter ein lang æh-æh-ææææh-dag med boblebæsjaren sjølv, og tek Storebror med inn i dobbeltsenga til Lillebror og meg. Babyen søv heldigvis vidare. Lyslugg tek gjestesenga på Storebror sitt rom. Så får i alle fall ein av oss litt søvn i natt…
01.20: Etter kasting hit og dit, inntilklistring og klynking, sovnar om-si-der Storebror. Eg er søvnen nær sjølv. Ah!
01.30: Akkurat idet eg nesten søv, våknar Lillebror. Bu-hu, sutre sutre. Stappar puppen i han.
01.35: Ikkje nok. Hyl, skrik, skrål. Eg har mest lyst å knebla heile babyen, men står opp og går mine rundar med han i mørklagt stove. Monsterrap, ditto gulp, og bæsj i bleia. Ny bleie, ny pupperunde for å få han til å sova.
02.10: Begge gutane søv. Eg og. Poff.
03.00: Storebror våknar med eit skrik. Eg sssssshhh-ar og roar og trøyster. Han sovnar igjen. Eg har framleis sjokkpuls av den ekle vekkinga. Men babyen søv, hurra! Eg og, forsøksvis.
04.15: Lillebror våknar. Stappar i han puppen. Han gneg, riv og slit. Eg let han halda på. For trøytt. Halvsøv og latar som om brystknoppen ikkje har noko med resten av meg å gjera. Sovnar etter eit kvarters tid skikkeleg, med puppen i babyens munn.
05.45: Nye babygrynt. Aukande i styrke. Bæ-æh-ææh-æææææh! Ssssshhh-ar Storebror, som rører på seg, og fortar meg ut av rommet med Lillebror i armane. Han har bæsja. Igjen. Ny bleie. Pupp. Bæsjar i den nye bleia. Nytt skift. Vil IKKJE sovna på puppen, slik planen min er.
06.15: Legg han i hengevogga i stova, med den handholdte støvsugaren like ved, og kvit støy på den berbare datamaskinen like ved. Voggar, og voggar, og voggar, sitjande i sofaen medan han e-e-e-e-eeeeh-protesterer mot søvnen.
06.35: Hah! Eg vann til slutt. Let han ligga igjen i hengevogga i stova, går sjølv på soverommet. Kræsjar rett i komatøs søvn.
07.15: Babyen klynkar. Høgare. Og høgare. Hentar han inn i dobbeltsenga. Får pupp, sovnar. Puh! Eg søv med pupp i babymunn. Han gneg og dreg. Same for meg.
07.45: Det var den luren. Lillebror gurglar og GURGLAR, fektar og maser. Eg ssssssh-ar, håpar å få han til å sovna igjen.
07.50: Niks. Storebror våknar, heldigvis med eit smil. Natta er over. Alle står opp. Vekker Lyslugg, som er trøtt og klager over at han ”har sove dårleg”. Vurderer kjevle i pannen på han. Ordnar frokost til toåring i staden. Og bleie til babyen.
Dagen er i gang, juhu!
Og eg veit at det finst folk som har det mykje verre, på permanent basis. Folk med kronisk sjuke ungar, som stadig reiser med panikk og blålys til sjukehuset, eller ligg på nåler og lyttar etter livsteikn heime. Som held på med oksygentelt og drypp og medisinar og alt mogleg, nattleg som dagleg.
Gutane mine er stort sett friske. Eg er heldig.
Eg er bare litt trøtt likevel.
Eg savnar meg. Som i meg sjølv. Mi tid. Tid til å tenka ein heil tanke, utan lyd og mas og plikt. Utan at andre, mindre, må gå føre.
Eg ønsker meg ein dag utan ansvar.
Men det går jo ikkje. Ikkje no. Eg veit jo det. Så eg held ut.
Hentar i barnehagen, men protesterande baby i beretøy, omgitt av Vellukka Foreldre som løftar augebryn over ho derre alternativmora som torturerer babyen ved å knyta han på kroppen - han kan då umogleg få pusta nedi der? Fortar meg heim. Lagar og serverer mat. Æsj. Mat. Storebror vil så klart ikkje ha mat. Badar og ammar og heng opp klesvask med sutrande baby på armen. Brukar halvannan time på legging av Storebror, og kjenner at eg omtrent vil grina om nokon kjem nær meg med fleire ”gode soveråd” no. Det funkar ikkje, okei? Så hald kjeft! Greit?
Går glipp av Jordmødrene, vekas einaste program eg bryr meg om. Men – opptur! - får omsider Lillebror til å sova! Dog i sele på ryggen, og kan dermed bare stå utan å vekka han. Nedtur.
Står.
Står og skriv dette. Skriv og skriv, og merkar at eg ikkje eigong er i nærleiken av alt eg skulle seia.
Det eg skulle skriva om, var jo alle tankane mine. Alle spøkelsa som bankar på døra når dagane blir som denne. Når eg får for mykje av den feile sorten aleinetid. Den ufleksible typen, aleine med baby men ikkje meg sjølv. Kva som skjer i hovudet mitt når avtalen med ei venninne måndag blir kansellert, og eg kuttar babysymjinga tirsdag fordi eg trass alt ikkje kan ta med ein bæsj-kvar-kvarter-baby i basseng saman med andre. Når også barselstreffet onsdag blir kansellert, og eg sjølv må avlysa besøk hos venninne eg klarte å invitera meg til pga skranten babyhelse. Når det spøker for beretreff i morgon pga nemnde baby.
Bare det at eg ser fram til beretreff seier jo det meste!
Eller barselsgruppetreff, eg som har null og niks til felles med den gjengen, og om noko kjenner meg mindre vellukka som mor etter å ha site der i ein time eller to og høyrt om babyar som søv og søv natta gjennom, som et grøt og fruktmos og er så jækla enkle og greie at det fanmeg er ein fryd.
Eg er desperat. Treng fleire vaksne i livet mitt.
Kanskje er det så enkelt.
Og så vanskeleg.
For no grin babyen. Igjen. Og natta nærmar seg. Igjen.
Og i morgon er atter ein dag. Nok ein dag utan at eg får gjort unna noko så enkelt som å skriva ein epost eller tre, sjølv om eg har lyst. Kor eg ikkje gidd å eta noko fordi eg heile tida har ambisjonar om å ”eta noko skikkeleg seinare”. Mm. Seinare.
Ein dag kor det einaste som skjer, er at eg får tatt ut av oppvaskmaskinen.
Vel vel. Me har i alle fall reine koppar i hus…
4 kommentarer:
Ajajaj, jeg kjenner følelsen, det minner meg om (heldigvis) svunne tider. Og jeg hadde bare én!
Jeg håper vi får til å treffes i morgen, jeg skal klippe meg på St. Haugen kl 10 - så du kan bestemme om vi møtes i byen, hos deg eller hjemme hos meg.
Håper natta i natt var bedre!
Ja! Me MÅ få det til i morgon. Eg SMS'ar deg. Her eller der eller kva som helst - eg er despo på å treffa eit fornuftig menneske som ikkje eh-eh-eeeeeh'ar!
Dette var et skikkelig bra innlegg!
Takk, Nils Gudmund!
Legg inn en kommentar