Eg har sagt det før, og gjentek det meir enn gjerne: Lillebror er ein herleg baby. Ein positiv, sprudlande liten kar, nesten alltid blid og glad. Ein enkel type, syns eg.
Med vekt på syns eg.
For også Lillebror har sine søskenbarn på Gjøvik. Ein heil drøss, faktisk. Barselsgruppa, for eksempel, er full av ungar som legg seg ned i si eiga seng klokka sju og sovnar utan stimuli. Babyar som søv natta gjennom men likevel ikkje står opp før åtte, og som tek minst to daglurar på minst ein time kvar dag, sjølvsagt kor eller når som helst. Igjen utan stimuli. Utanom tutt, altså, som dei sjølvsagt tek, på linje med flaske og uendelege mengder fast føde - utan å søla.
Likevel stressar mødrene.
For er det ikkje litt unormalt at babyen likevel protesterte litt mot å blit lagt ned her om dagen, når han vanlegvis sovnar som eit skot klokka sju? Ja, for klokka var jo halv åtte! Han måtte byssast i søvn, til og med - tenk viss det blir ein vane!?! Tenk om han blir ein sånn bortskjemt liten dritt som insisterer på å sova saman med foreldra til konfirmasjonen? Nei, dèt går ikkje!
Rutinar, må det vera! Og orden og struktur og system!
Og det hastar!
Ungen er jo runda halvåret! Det er jo eeeeeviglenge sidan graviditet og fødsel!
Og eg ser dei. Og forstår. Veit godt kor dei kjem frå. Kjenner meg så absolutt igjen.
Og så absolutt ikkje.
For eg? Nei, eg stullar no på med mitt, no som sist. Eg følger min eigen skala. Oppfyller mine eigne forventningar. Særs ofte positivt.
Eg har det sånn cirka som eg tar det, i grunnen. Og eg tek det rimeleg roleg.
Eg venta at det skulle bli kaos. Det blei lettare.
Eg visste at ungar ikkje søv. Lillebror gjer det likevel. Ein heil del, og meir enn broren. Ikkje utan stimuli, for her i huset både ammar og byssar og voggar me i søvn, og samsøv så det syng etter, natt etter natt. Men då. Då søv han. Sjeldan før seint på kvelden. Og nesten aldri til over seks. Men han søv. Og det er godkjent i mi bok.
Eg har prøvd korleis det er å stadig måtta snu etter femti meter med barnevogn fordi eg veit at den burgunderrøde brøleapen der nedi ikkje kjem til å gi seg med hylinga i dag heller. Men Lillebror! Han ligg nedi der. Sovande, og våken. Klagar ofte litt, men brøler ikkje. Og sovnar ofte etter ei stund, trass klaging. Å, kor eg nyt! Denne for sikkert alle dei andre mødrene med djupvogn eg passerer sjølvsagte greia - han ligg i vogna! Spankulerer, gjer eg, stolt og glad og letta.
Neidå, Lillebror vinn ingen sovediplom. Han er ikkje "flinkast". Eller "enklast". Ikkje etter slike skalaer.
Han er "enklare" enn bror sin, eg held fast ved det. Men han har også ei mor som har vore igjennom drillen før. Som veit med kroppen, sjela, erfaringa, det kun hovudet kun oppfatta som teori sist. Nemleg at det går over.
Alt går over. Faktisk veldig raskt.
Brått finn ein seg sjølv med ein trygg, harmonisk, nydeleg toåring som søv natta igjennom i eiga seng, ein gut som kun krev at ein lagar litt lyd han kan høyra gjennom den opne soveromsdøra når han skal sovna. Som rett nok er kresen som fy på det som er av mat, og testar grenser som toåringar skal. Men som heilt sikkert veks av seg også det, raskt og utan at ein treng stressa med det.
Stress er sjeldan verdt det. Faktisk nesten aldri. For - igjen - det går over!
Og det kan eg sjølvsagt skriva, og seia, og ropa ut til eg blir blå og ungen blir vaksen, utan at andre - som damene på barselsgruppa - opplever det som spesielt relevant likevel. Eg er meg, du er deg, mitt liv er ikkje ditt.
Men det er sant likevel.
1 kommentarer:
deilig å lese altså. :)
Legg inn en kommentar