Eg er ikkje mykje til mammabloggar.
Ikkje noterer eg ned alle milepælar og gullkorn og søte kvardagsskildringar. Sidan sist har Lillebror runda eit halvt år og fått to små tannstubbar i underkjeven. Begge begivenhetane til Komplett Taushet i bloggen. I overmorgon skal me på seksmånaderskontroll. Tippar nok den òg forblir udokumentert her inne.
Ikkje viser eg fram kreative hobbygreier ein kan laga med ungane, med nøyaktige steg-for-steg-instruksjonar og fine bilder av planlegging, prosess og ferdig produkt. Då ville eg jo måtta laga greier først, og det gjer me ikkje i vår heim. Ingenting utover teikning med vanlege, butikkjøpte fargeblyantar på heilt ordinært, kvitt A4-papir. Me eig ikkje eigong limpistol, eller så mykje som ein einaste sjablong.
Ei heller viser eg fram alle dei flotte tinga eg sjølv har laga til ungane, med strikkepinnar og heklenåler og symaskin. Ungane mine har ingen heimesydde fargeknæsje selabukser i retromønstra stoff innkjøpt på loppemarknad, eller morestrikka ullvestar med multifarga garn og treknappar spesialbestilt frå etsy.
Eg driv nemleg ikkje med handarbeid. Og sjølv om eg blir superglad for alle dei flotte tinga kjærlege bestemødre og grandtanter og andre lagar til gutane, og diggar dei arva strikkaplagga eg sjølv og bror min bruka for pluss/minus tretti år sidan, så fell det meg liksom ikkje inn å ta bilder av dei, sånn bare for å visa fram.
Faktisk viser eg ikkje fram så mange andre ting heller. Ingen duse foto i varme fargar av gilde danske designtreleiker eller chic'e franske knaggerekker. Null tips om praktiske måtar å innreia barnerom, eller postar om dei nymåla veggene eller sjølvdesigna hyllene som viser fram blafrekoffertar og katvigtekstilar.
Ikkje eigong baking er her bilder av eller oppskrifter til, sjølv om det er noko eg - og me - faktisk driv litt med innimellom. Ingen køppkeiks (som eg takk vera Elisabeth har forstått er veldigveldig in i bloggverda) med knallfarga glasur og syntetspraglete pynt med tema. Ei heller bilder av saftesylteslowandsuperfooden me kunne ha drive med.
Så kva er eigentleg greia? Poenget med å ha ein blogg?
Tja.
Sei det.
Litt usikker sjølv om dagen. Kanskje eg bare skal skrota heile greia? Heller det enn å liksom "ha" ein blogg, men kun skriva i han ei gong i månaden, og då bare vissvass som dette?
Det er jo ikkje det at eg druknar i kommentarar på alle desse inkjeseiande innlegga mi heller, for å seia det sånn... Naturleg nok!
11 kommentarer:
Sjangerbrudd ja, men det er jo så deilig med liltt avveksling!!
Hilsen snikleser. ;)
PS: ikke slutt!
Åh! Har vært borte fra bloggen din ei stund og tenkte at du sikkert var veldig opptatt med morsjobben og morsrollen og morskallet - men så har du jo skrivi masse innlegg jeg ikke har lest, gitt. Og så kom jeg på at jeg faktisk har en liten gave til guttene som jeg kke har rukket å sende enda, men det skal jeg jammen få gjort en av dagene... synes ikke du skal slutte, jeg!
Og apropos kommentarer - på min blogg har jeg én kommentar. Én. :) Du får vel sikkert flere lesere om du annonserer innlegga på fb, forresten - men det er kanskje ikke helt din greie? :)
Hei rips, og velkomen hit! Kjekt du gir deg til kjenne!
Og kjære th-
Det er då ikkje rart du ikkje får kommentarar når du ikkje har tipsa fansen om at du faktisk har ein blogg! Eg vil GJERNE lesa alt du skriv, så klart!
Og nei, FB-deling er ikkje mi greie. Bloggen er nok hakket for privat, gitt.
Ikke slutte å blogge, nei. Jeg leser, selv om jeg ikke alltid kommenterer, og du skriver fint. Dessuten: hvem vil vel lese de der duse mammablogg-greiene? Ikke jeg i hvert fall, nært forestående babytilværelse til tross.
jeg leser bloggen din. koselig.
Kjære ærlige mammabloggskribent, her er ennå en som sjelden kommenterer, men som setter stor pris på å lese de glamourløse innleggene dine. Håper du fortsetter.
Ikke slutt å skriv! Liker bloggen din jeg :)
Ingling! Ser først no at du har fått ny blogg sjølv. Blei så tyst i den forrige at eg gav litt opp. Men du må jo SKRIVA i han, vettu! :-)
Hei Smygfisk! Er du her òg? Velkomen! No skal eg klikka litt rundt i bloggen din, tenker eg nok.
Og Anonym gange to? Takk for at de les, og for at de gir dykk til kjenne. Det er ikkje SÅ farleg med dei kommentarane, altså, men eg kan jo ikkje seia anna enn at det er gildt, heller... :-)
Ja, jeg fant den her et sted, og så leste jeg litt. Er ikke sånn kommentarbabe, med mindre jeg vil krangle. (og du skriver ikke kranglverdige bloggposter.)
Bloggen min er bare interessant for engelsk- og fremmedspråkslærere, dessverre - for det er alt den handler om, nettsider som funker i undervisningen. Dessuten har jeg en blogg for hver av spanskklassene mine, men igjen - det er nok for spesielt interesserte! :)
Jeg vet! Er liksom ikke helt i bloggmodus, i hvert fall ikke i den som er veldig "offentlig" og der alle lesere vet hvem jeg er... Kommer nok mer når mageboeren kommer, tenker jeg. :) Vi har en felles også med litt babygreier i, skal sende deg link. :) Du vet, sånn i tilfelle du vil akke og oohe over UL-bilder og denslags.
Legg inn en kommentar