I morgon går eg inn i den siste normale permisjonsveka med Lillebror.
Jepp, det stemmer. Kun ei spinkel lita veke igjen!
Rett nok byrjar eg ikkje på jobb igjen før langt uti mai, så heilt krise er det på ingen måte. Der er enno tid. Men dette blir siste veka sosande aleine rundt i Oslo på dagtid. Så følgjer palmehelgbesøk av tanta mi medan Lyslugg er i USA på jobb, før han er tilbake og me saman reiser til Ustaoset, den italienske rivieraen og Bergen for hhv hyttepåske, permoverlappingstur og 17.mai-feiring.
Shit.
Eg trur me bør innsjå at eg heller ikkje denne gongen kjem til å rekka alt det der eg hadde lyst å gjera når eg "fekk så mykje fri". Alle kafeane eg skulle testa ut. Bøkene eg skulle lesa på nemnde kafear. Alle folka eg skulle på lunsjdeit med og alle turane eg kunne tenka meg å gå. Ikkje har eg fått trent så mykje som eg gjerne skulle ønska, og ikkje har eg vore meir enn såvidt innom på babysong, babykino og alle desse andre babygreiene som vert arrangerte dagleg i denne byen. Ei heller har eg rydda grundig i alle papir og sett desse sirleg i vel merka permar, eller alfabetisert musikk- og boksamlinga. Eg har ikkje lese alle aviser og oppdatert meg vha intelligente radioprogram, eller lært noko nytt sidan sist.
Men eg har hatt det fint likevel!
Stort sett.
Jada, sjølvsagt har eg vore brakkesjuk. Ou mai gådd, har eg vore brakkesjuk! Og trøtt. Og usikker på om eg eigentleg er så spesielt flink til dette babystyret, eg som ikkje eigong får i ungen mat, eller - endå mindre - får han til å sova skikkeleg.
Eg har brøyta meg gjennom vinteren med Storebror sutrande i vogn og Lillebror vrælande i sjal, medan snøen lava og snøen fall og temperaturen sank og sank, og Lyslugg var vekkreist og avtalar blei avlyst og Mørket låg som ei klam dyne om heile verda.
Men no! No er det vår!
Og då gjer det ingenting at eg ikkje har lese så mange bøker. For eg har faktisk lese ein del, og definitivt fleire enn dei (cirka ingen) eg las då eg var heime med Storebror. Og desse turane eg ikkje har gått? Og kaféane eg ikkje har sjekka ut? Pyttsann! Eg har då gått andre turar! Med vogn og beretøy og greitt driv, med og utan kafé i sikte. I utlandet, alias Finland, har me også vore, bare fordi me kunne. Eg har ikkje trent så mykje, men eg har trent litt, og meir enn forrige perm. Eg har høyrt musikk og skumma i alle fall nokre avisoverskrifter, og for lengst avslørt at dei ikkje seier så mykje smart på radioen heile dagen heller, sjølv på den antatt gløggaste kanalen. Eg har vore på teater og i operaen, sett ballett og vore på både boklanseringar, opplesingar og forfattarintervju, med og utan baby på slep. Heller ikkje denne gongen kom eg gjennom ein heil TV-serie på DVD, men det er då teikn på at eg har hatt andre gilde ting å gjera enn å sitja inne og glana?
For eg har lært.
Masse.
Eg har vakse. Stort.
No er eg flinkare å seia ifrå. Setja krav. Koma med ønske. Be om hjelp.
Eg let andre vera med. Dei har lyst! Eg treng ikkje vera Best alltid. Eg treng ikkje vera aleine heller, sjølv om eg kan. Sjølv om eg taklar. Kva er poenget med å takla heile tida?
Så me har vore mykje på Bryne, gutane og eg. Vore saman med mine foreldre, og sett det som ei investering i notid såvel som framtid. Eg har hatt mora mi på besøk, lange strekk om gongen, og opplevd nye og fine sider ved henne.
Eg har firt på krava. I alle fall ein del av dei. Øver meg på å sjå at det faktisk er ein slags jobb, dette å "gå heime", og ikkje eit påskot til å "få gjort" alle moglege andre, Viktige og Skikkelege Greier.
Langsam tid. Gå inn i bobla. Bli der. Kjenna på det. Nyttig. Viktig. Bare vera, ikkje gjera. Vita at det er ei boble. Det går over, på godt og vondt.
Me har vakse som par. Som familie. Her om dagen kom Lyslugg med ti nydelege raude roser til meg: Ei for kvart av åra me har vore Oss, ei for kvart av barna me har fått saman. Eit vakkert symbol, ein fin gest.
Eg går framtida lyst i møte. Ei veke om gongen.
2 kommentarer:
Så fint innlegg! Og så fine dere er. Rosene så jeg i dag, de var jommen fine de også. :) Nyt ferie både her og der!
Fikk tårer i øynene her nå. Veldig fint. Det går bra med deg. Det går bra med dere. Kanskje går det bra med det meste.
Legg inn en kommentar