torsdag, april 28, 2011

Medaljens bak(side)

Ein skal jo vera så takksam. Så glad og lukkeleg fordi ein har fått lov til å gå gravid to gonger, og fått to sunne, friske, på alle vis herlege barn som følge av dette. At kroppen fungerer som han skal, i alle fasar av prosessen, frå unnfanging via oppblåsing til forløysing og amming.

Og joda, eg er jo det.

Men alt det der som følger med denne oppblåsinga og utpressinga og melkeproduksjonen? Sånn heilt kroppsleg og konkret? Tja. Ikkje glad for akkurat den biten.

Eg har ikkje lyst på ein sånn derre "moden" mammakropp! Æsj!

Dei skikkelege mammamødrene eeelskar visst heile pakken. Strekkmerke og åreknutar og slappe pupper og mjuk bollemage og rare kilo her og der - alt er "hedersteikn" og "fine minne" over "det fantastiske arbeidet kroppen har gjort".

Fysjom, seier bare eg.

Og eg har liksom, sånn reint objektivt, ikkje så mykje å klaga på heller. Eg har så langt sluppe unna utan strekkmerke, åreknutar eller keisarsnittarr. Verken pupper eller mage heng, og med ein bmi på 21 er vekta heilt ok. Buksene eg bruka før Storebror blei fødd passar, det same gjer t-skjortene og bikinien. Då Lillebror var fire månader, gjekk eg skirenn, og slo fleire enn eg tapte for, trass minimal trening (les: tre økter) - så kondisen er heilt grei.

Men likevel.

Æsj!

Eg har fått ein sånn kropp som må pakkas inn i klede for å sjå bra ut!

For det er ikkje det at eg alltid har eeeelska slik eg har sett ut før, heller, altså. Eg skulle så klart hatt smalare hofter og større pupper og tynne lår og alt det der som alle drøymer om. Men tidlegare har eg oftast blitt positivt overraska når eg har kledd av meg og granska det eg finn i speglen. Litt sånn "du er no ikkje så aller verst, -lin, trass alt".

Ikkje lenger.

No er det motsett. Kvar gong eg tenker at "ah, du ser sikkert ikkje gale ut, -lin", så blir eg skuffa om eg faktisk sjekkar i speglet. Det er noko med dette at kroppen ser, vettkje... brukt ut.

Og det er han jo. "Du har jo født to barn", trøstar mine barnlause venninner meg. Ehm. Joda. Eg er klar over det.

Men eg vil ha stram mage likevel!

Ikkje ein sånn som ser ut som nokon har budd inni han. Konturlaus, liksom. Og kva er greia med sånn mjuk, flat, brei damerompe bare fordi ein har hatt nokon inni magen? Opplagsnæring til amming my ass, seier bare eg!

Særs det med rumpa. Fysj og æsj! Slappe greier! Og disselår, blæsj!

Så eg lurar på om eg må ta grep. Gjera noko, liksom. Eg veit bare ikkje heilt kva.

Det eg "har lyst til", er å trena skikkeleg hard styrke ein periode, laga musklar av alt dette mjuke, hengande. Kjøpte nett "Lift like a Man, Look like a Goddess" som e-bok, og kan jo ikkje seia anna enn at konseptet ser like bra ut som tittelen. Eg vil gjerne sjå ut som ei stram gudinne! Meeeen... eg veit jo at eg eigentleg syns vektløfting er skikkeleg gørr. Og dette er eit seksmånadersprogram som legg opp til tre harde økter i veka pluss inntak av uetiske mengder protein, typ pulverprotein - og det veit eg ikkje om er så veldig foreinleg med resten av livet mitt, eller det eg elles trur på av kosthald og slikt.

Så kanskje heller jogging? Det ser enormt kjekt ut å vera glad i å springa. Naturopplevingar og frisk luft og praktisk å kunna gjera overalt og lett å ta steget vidare om ein vil springa løp og i det heile tatt. Mange fordelar. Meeeeen... eg har jo aldri vore nokon flink springar. Tvert om pleier eg få vondt i skrangleknea mine, og hata heile konseptet. Og som regel kjenner eg meg bare innestengt i kroppen min når eg "spring". Pust og pes og dunk og smell, og ømme kne i fleire døgn etter strabasane.

Så tja... vettkje heilt eg?

Klar for forslag. Utanom det med å kutta ut sjokolade spesielt og karbs generelt. Ærleg talt!

2 kommentarer:

rips sa...

Hahaha du skriver fantastisk, og så vet jeg så alt for godt hva du snakker om...

Har du sykkelvogn?
Sykling til barnehage+dusje på jobb, er det en mulighet?

Bra for både knær og rumpe i allefall. :)

Annas Camping sa...

Yoga! Ikke sånn pingle-barsel-yoga, men sånn som jeg ikke husker hva heter, som man blir svett og sliten av. Jeg blir gjerne med!